St. Jetmund Kyrkje, bok

kr 449,00
20+ på vårt lager

På leit etter ein helgenkonge
Ei spennande bok om lokalhistorie, ein engelsk helgenkonge og kyrkjehistorie. Ei spennande oppdagingsferd, skreve av Håvard Klyve Parr.

Normalt sendt etter: 48 timer
Sendes fra Norge
Sikker betaling
14 dagers angrerett

Kvifor ligg ei steinkyrkje vigd til den engelske helgenkongen Edmund nett på Åheim? Korleis kunne vanylvingane finne på å rive det dei i dag ser som det viktigaste kulturhistoriske bygget dei har?

Og kvar har det blitt av det eldgamle helgenbilete kyrkjefolket helsa lenge etter at reformasjonen skulle ha fjerna alle spor etter katolisismen?
I denne boka vert lesaren invitert med på ei oppdagingsferd i historia til St. Jetmund kyrkje. Mellomalderkyrkja, bygd i marmor og gråstein kring 1150, er eit høgt skatta kulturminne.
Ved å følge undringa i møte med dei mange opne spørsmåla i historia til kyrkja, gjer vi fleire nye oppdagingar og set kjend kunnskap inn i nye samanhengar.

I eldre tider var sjøen hovudfartsåra i Norge, og det som no er ein utkant, var tidligare del av ei fartsåre langs kysten. Boka er spanande å lese, både for lokale med tilknytning til Åheim og Vanylven, men også dei som likar kyrkjehistorie, jakt og dypdykk i historier og sagn knytt til den engelske helgenkongen, gamal byggeskikk og kultur.

Praktbok

Boka er praktfult innbundet og med flotte illustrasjoner.

Boka om St. Jetmund Kyrkje er ei praktbok

Bokanmeldelser

Synste Møre 10.nov: "Kort oppsummert - Du treng verken vere lokalpatriot eller historieinteressert for å like boka. Den er rett og slett imponerandre god", "Visulet vakker"

 

Om forfattaren

Håvard Klyve Parr (f. 1982) vaks opp på Fiskå i Vanylven kommune. Han er utdanna historikar og interessa for historieforteljing har dei seinare åra funne utløp i arbeid som dokumentarfilmskapar, forlagsredaktør, journalist og forfattar.

  • ISBN: 9788230356982
  • 181 sider
  • Utgivelsesdato: 20.nov 2022
  • Produksjon: Skald forlag
  • Framsidefotot: Marianne Pettersen
  • Baksidefoto: Cato Enger, Riksantikvaren
  • Trykk: Balto Print
Varenummer9788230356982
Tilgjengelighet48 timer
BrukermanualNorsk
VarehusVårt lager

Kundeanmeldelser

Du anmelder: St. Jetmund Kyrkje, bok

Din rangering
Vennligst velg en av hver vurdering ovenfor.

Kanskje du også liker